0-1
Husa (sm)60'
1-1
2-1
Author avatar

Ble dekket av NTB

    Hei, og velkommen til Florø - Sogndal i NM-cupen si tredje runde!
    Begge lag kjempar om å overleve i sine divisjonar. Florø ligg under streken i OBOS-ligaen, medan Sogndal ligg eitt poeng over nedrykk i Tippeligaen.
    Sogndal kom til Florø i går, og tek på ingen måte lett på dette oppgjeret. I 2012 møttes desse laga i 1. runde, og då vann heimelaget 3-0. Dagens Sogndal-trenar Eirik Bakke spelte kampen, og vil nok revansjere seg i dag.
    Florø har Peter Aase, Halvor Solheim Olsen og Andre Reksten ute med skade. Men storscorar Endre Kupen er tilbake, og det er venta at publikum får sjå spissen i aksjon i dag.
    Nydeleg grasmatte her på Palmekysten denne ettermiddagen. Det er meldt sol og flotte forhold under kampen, så dette blir litt av ein cupfest!
    Vi kjem tilbake med meir informasjon og lagoppstillingar når det nærmar seg kampstart. Følg med!
    Då er lagoppstillingane klare! Då NM-oppsettet kom varsla Sogndal-trenar Bakke at fleire debutantar kunne få sjansen i dag. Det skjedde aldri, og Sogndal mønstrar nær toppa lag. Berre Wæhler av dei faste spelarane blir spart. Han er ikkje med til Florø, og følgjer nok kampen via denne livesendinga.
    Laga på veg inn på bana!
    Kampen har startet
    0'
    Sogndal tek avspark!
    1'
    Kupen gir til Rashad, men ballen går over sidelinja. Innkast for Sogndal.
    1'
    Benmoussa prøver å skyte frå 40 meter, men ballen sklir av foten.
    2'
    Innkast høgt oppe i bana for Florø. Husa tek det. Utspark frå målet til Dyngeland i situasjonen etter.
    3'
    Florø med kraftig medvind i første omgang.
    3'
    Heimelaget festar grepet om oppgjeret no, og Sogndal slit med å halde ballen i laget.
    5'
    Aase får frispark på midten i duell mot Birkeland. - Frispark for å skli, dommar? spør Eirik Bakke.
    6'
    Koomson slår eit frispark inn i feltet, men Næss Lund si avslutning går på tvers inne i feltet. Florø overtek.
    7'
    Sogndal har med seg eit stort apparat i dag. Faktisk så mange at det ikkje er sitjeplass på benken til matrialforvalter Dag Martin Fardal. Han sit på ei bossbøtte.
    8'
    Jeggo til Aase, som slår rett i bakrom mot Rashad. Ballen blir litt for lang.
    9'
    Sogndal som styrer banespelet no.
    10'
    Rashad utfordrar, og får innkast.
    11'
    Sogndal med 0 frå Sogn og Fjordane i startoppstillinga.
    12'
    Kupen med dribleraid, men innlegget går rett i klypene på landslagskeeper Dyngeland.
    13'
    Kampens første sjanse! Sogndal doblar opp på kant, og Koomson slår inn i feltet. Der venter Bye, og han skyt - i nettveggen! Enkelte av Saftkokaradn trur at ballen går inn, og startar jubelen.
    16'
    For en sjanse! Bye legg inn i feltet, og der kjem Koomson stormande. Han klinkar til frå 14 meter, men Frenderup ligg klistra i vinkelen og fistar ballen til corner!
    19'
    Sogndal får tildelt et hjørnespark
    Gilbert Koomson
    Ufarlig.
    20'
    Florø får tildelt et hjørnespark
    Monir Benmoussa
    Ny corner.
    20'
    Florø får tildelt et hjørnespark
    Monir Benmoussa
    Frispark til Sogndal inne i feltet.
    21'
    Hove knuser City-utleigde Nwakali i luftrommet.
    23'
    Florø prøver seg, men Benmoussa si avslutning på hovudet skremmer ikkje Dyngeland.
    25'
    Steiring blør naseblod, men har fått litt papir i nasa.
    27'
    Offside på Kupen, men dommaren viser fordel.
    29'
    Florø med eit par innkast høgt oppe i bana. Til slutt legg Kupen inn i feltet, men ballen fyk med vinden. Utspark frå målet til Dyngeland.
    34'
    Hove og Nwakali stangar ihop. Florø-fysio Jacobsen inn på bana med saftflaske for å hjelpe til.
    34'
    Begge er på beina att, og publikum gir applaus. Sogndal-spelarane fekk seg ein skikkeleg karamell i bakhovudet, medan Hove fekk trøkken sin i tinningen.
    35'
    Luc Jeggo har vore bra som anker på midtbane for Florø i dag. Broren spelar på landslaget til Australia, medan klubben er Storm Gras.
    38'
    Rashad lagar frispark i duell mot Nwakali, og sistnemnde fyrer avgårde nokre engelske gloser i retning franskmannen.
    40'
    Ny kjempesjanse for Sogndal! Koomson kjem aleine med Frenderup, men leverer isteden til Ramsland. Der kastar sisteskansen seg fram, og reddar avslutninga!
    41'
    Der burde det vore 0-1!
    42'
    Florø får tildelt et hjørnespark
    Christer Husa
    Kort variant til Aase som slår inn i feltet. Der får Kupen stå heilt aleine, og nikkar like utanfor!
    42'
    Kupen er veldig nære på å drible seg gjennom heile Sogndal-forsvaret. Bakke liker ikkje det han ser, og ristar på hovudet.
    45'
    Det er lagt til minimum to minutt.
    45'+1
    Benmoussa vil gjere alt sjølv og skyt frå 30 meter. Utanfor.
    45'+1
    Pause
    45'+2
    Første omgang er over, og laga går til pause på stillinga 0-0. Sogndal burde har scora minst ein gong, men Frenderup har varta opp med to meget gode redningar. Denne kampen kan vippe begge veiar, så følg med i andre omgang! Minner om at det no også er cupkamp på Kaupanger, der Sandviken frå Toppserien er på besøk. Den kan du også følgje her i Firda-liven!
    Reksten Solheim og Hovland skal inn for Florø.
    2. omgang
    45'
    Spillerbytte - Florø
    Inn: Simen Solheim
    Ut: Erlend Hove
    45'
    Spillerbytte - Florø
    Inn: Truls Hovland
    Ut: Endre Kupen
    46'
    Florø tek avspark.
    46'
    Hovland kjem inn, og får corner i første involvering.
    46'
    Florø får tildelt et hjørnespark
    Christer Husa
    Frispark til Sogndal inne i feltet.
    46'
    Vinden tek bra tak i ballen på alle utspark. Denne omgangen er det Sogndal som har den i ryggen.
    48'
    Langt innkast frå Teniste, men Florø får frispark inne i feltet. Tennøy må sjølv svare for kva gale han såg der.
    49'
    Benmoussa inviterer Næss Lund på karusell, og han blir med. Men innlegget inn i feltet når ingen.
    52'
    Framleis heilt open kamp her på Palmekysten.
    53'
    Florø har opna andre omgang best.
    54'
    Fleire av Sogndal-spelarane kan vere glad det ikkje er børs på kampen. Må heve seg om det skal bli avansement til fjerde runde.
    55'
    Florø spelar seg ut bakfrå, og Ramsland jagar aleine på topp.
    55'
    Rashad leiker seg med Steiring på kanten og legg inn i feltet. Der stangar Næss Lund unna.
    57'
    Frispark til Florø høgt oppe i bana. Hove og Gjermundstad tek turen opp i feltet.
    57'
    Langt utspel frå Dyngeland som går over alle. Koomson vippar ballen over en utrusande Frenderup, men Jeggo avklarar før den når streken.
    58'
    Sogndal får tildelt et hjørnespark
    59'
    Florø scorer selvmål!
    Florø 0 - 1 Sogndal
    Mål: Christer Husa
    Sogndal går opp i føringa! Hjørnespark frå Koomson og ballen går inn bak Frenderup. Ballen går via Husa og i mål.
    60'
    Bye viser seg fram, for første gong på lenge. Skyt frå 25 meter, men Frenderup reddar. Corner.
    61'
    Sogndal får tildelt et hjørnespark
    Gilbert Koomson
    Frenderup snappar opp.
    61'
    Mål for Florø!
    Florø 1 - 1 Sogndal
    Mål: Rashad Muhammed
    Målgivende: Luc Jeggo
    Der ser vi kvifor toppklubbane ville ha Rashad Muhammed før sesongen! Parkerer Steiring på farten, og kjem aleine med keeper. Der gjer han ingen feil - og laga er like langt!
    61'
    Gult kort til Sogndal
    Ulrik Fredriksen
    Albogen rett i ryggen på Benmoussa. Ikkje fint gjort. Sei unnskyld.
    63'
    Har vore mest Florø denne omgangen - sjølv om Sogndal scora det første målet.
    65'
    1209 tilskodarar ser kampen.
    66'
    Bye får to sjansar. Første går i blokka, medan det andre forsøket går like over!
    67'
    Mål for Florø!
    Florø 2 - 1 Sogndal
    Mål: Monir Benmoussa
    Målgivende: Simen Solheim
    Den måtte komme - og den kom! Benmoussa får ballen inne i feltet, og set ballen over keeper Dyngeland!
    67'
    Florø har vore best etter pause, men også scora på sine to store sjansar.
    69'
    Heimelaget som vil mest akkurat no.
    70'
    Kjemhus klinkar til frå 22 meter, men Frenderup får fingertuppane på den. Corner.
    71'
    Sogndal får tildelt et hjørnespark
    Gilbert Koomson
    Bak mål.
    71'
    Jonsson skal inn for Sogndal, og dermed debut i den kvite trøya.
    71'
    Sogndal-frispark høgt oppe i bana. Teniste som fekk seg ein smell.
    76'
    Jonsson står framleis klar på sidelinja.
    76'
    Frustasjon i Sogndal-laget no. Ramsland sparkar ut i lause lufta, fordi ein pasning mot Koomson blir for lang.
    78'
    Spillerbytte - Florø
    Inn: Kim Ødegård Vik
    Ut: Christer Husa
    78'
    Jonsson står framleis på sidelinja, og venter på sin debut. No frys han.
    79'
    Spillerbytte - Sogndal
    Inn: Kristinn Jonsson
    Ut: Taijo Teniste
    79'
    Kim Vik får seg ein trøkk i kneet, og slår i grasmatta med handa. Tydelege smerter, og Florø har gjort alle sine byter.
    80'
    Utifrå reaksjonen til Vik, så blir eg overraska om han held fram kampen.
    81'
    Gjermundstad stjel saft frå flaska til Hove som er bytta ut.
    82'
    Vik haltar på sidelinja, og har tydeleg vondt.
    83'
    Bakke har berre gjort eitt byte, og klokka har passert 82 minutt. Det harde kampprogrammet betyr ingenting no.
    84'
    Næss Lund er flytta opp som spiss no. Må vere kjedeleg for Fredrik Flo å sjå akkurat det.
    84'
    Rashad stormar framover, men prøver å finne Hovland istedenfor å skyte sjølv.
    85'
    Kim Vik er tilbake på bana, mot alle odds! Får ståande applaus.
    85'
    Klokka går Florø sin veg no. Kva grep har gjestene på lur?
    86'
    Rashad med enorm sjanse! Steiring sklir, og angriparen kjem aleine med Dyngeland. Han bles ballen over!
    87'
    Heile Florø-benken står. Spent gjeng!
    88'
    Stor sjanse for Ramsland, men skotet går rett i Vik frå kort hald!
    89'
    Rashad og Benmoussa kjem nesten aleine med Dyngeland, men Sogndal får kontroll.
    90'
    Bye avsluttar - får corner.
    90'+1
    Sogndal får tildelt et hjørnespark
    Ramsland avsluttar, men Frenderup vartar opp med ei flott beinparade!
    90'+1
    Sogndal får tildelt et hjørnespark
    Gilbert Koomson
    Frispark til Florø inne i feltet.
    90'+1
    Gult kort til Florø
    Nicklas Frenderup
    Munnbruk.
    90'+2
    Gang på gang blir Steiring og Fredriksen tatt på farten av Rashad. Men denne gongen sklir angriparen i det han skal skyte.
    90'+3
    Ramsland med blytunge bein, og så vidt han klarar å springe no.
    90'+4
    Ti sekund att.
    90'+4
    Kampen er slutt
    90'+4
    Florø slår ut Sogndal av cupen i år også! Vel fortent, det var det laget som ville mest i dag. Sogndal kom til Palmekysten i går for å lade opp til kampen, men det hjalp så lite i dag. Vi takkar for følget, og ynskjer velkommen tilbake i 4. runde!
VG Live er en del av Schibsted Media. Schibsted Media AS og Schibsted ASA er ansvarlig for dine data på denne siden. Les mer her