Author avatar

Ble dekket av NTB

    Då vil vi få ynskje velkomne til den siste kampen i vårsesongen frå Fosshaugane Campus. Dagens kamp er mellom heimelaget Sogndal og Viking frå Stavanger.
    Sjølv om vi snakkar om vårsesong så er det gode sommartemperaturar i Sogndal. 30 grader og sol er det meldt så her skal laga få sveitte godt.
    Viking har godt tak på Sogndal i Sogndal. Utanom fjorårets sogndalsiger så må vi tilbake til 1994 for å finne neste siger for sogningane.
    Desse laga møttes og for to veker sidan i cupen sin fjerde runde. I den kampen knuste siddisane sogningane 4-1. Vi reknar med det blir ein jamnare kamp i dag.
    Grunnen til at vi trur det vert jamnare er at Sogndal har vunne sine fire siste heimekampar og verkeleg har gjort Fosshaugane til eit fort.
    Viking har derimot ein ganske god borteform. Med 3-3-1 har siddisane sanka fleire poeng borte enn heime i årets sesong.
    Begge lag skuffa stort i sist runde. Sogndal vart knust 3-0 i Molde, mens Viking tapte 2-0 heime mot botnlaget Brann.
    For Viking er Makthar Thioune småsjuk, men Kjell Jonevret reknar med at han kjem til å stille ganske uendra frå kampen mot Brann.
    Sogndaltrenar Jonas Olsson ventar heller ikkje å gjere dei store endringane frå sist kamp, men Azar Karadaser er tilbake frå karantene og viss ikkje han har rømt til Bergen for å spele for Brann så tek han Valsvik sin plass i forsvaret. Olsson roterar kanskje også litt i det offansive, men dette får vi sjå når vi er tilbake ca. 1 time før kampstart.
    Kampstart er forresten kl 15.30. Vel møtt!
    Då er laga klare og Makthar Thioune må dessverre for rogalendingane stå over kampen. Inn kjem Joackim Jørgensen.
    Sogndal og med ein del endringar. Deriblant ser vi at Skaashei mer komen inn og skal sannsynlegvis spele vingback på høgre side. På topp ser det ut som Holsæter spelar saman med Otoo.
    Det går rykter om at dette er Azar Karadas sin siste kamp for Sogndal. Den viktige midtstopparen vil flytte til Bergen der familien bur og Brann har komme på bana med eit tilbod til eidaren. Sogndal har vore veldig lite interessert i å selgje den viktige midtstopparen til eit lag i botnstriden, men det ryktas no at ein har komme fram til ein avtale.
    I går vart det målt 34 grader i skyggen nede på kunstgrasmatta. Det er nok over 30 grader i dag og, men det har skya litt over og dette hjelper på i sprengvarmen.
    Underteikna har gjennom heile sesongen klaga på kald trekk på stadion. I dag er denne trekken velsignande god for dei som tek turen til Fosshaugane Campus.
    50-60 siddisar har tatt turen frå Stavanger og kosar i sommarvarmen.
    Ellers er det veldig glissent på tribunane så tippeligafotball er nok ikkje det som fristar mest i sogningane sin fellesferie.
    Då er laga på veg ut på bana og vi er straks klar med den 15. runden i Tippeligaen frå Fosshaugane Campus.
    Då titta og sola fram. Dette gleda nok publikum i bar overkropp, men kanskje ikkje spelarane så mykje.
    Dyngeland får sola i ansiktet i 1.omgang.
    Sogndal med avspark.
    Kampen har startet
    Lang ball opp frå Sogndal og det endar i frispark til Viking.
    1'
    Viking ropar på straffe etter at ein blåkledd går i bakken i feltet, men Rafiq bles ikkje. Såg rett ut det.
    2'
    Landu Landu legg seg veldig lett, men Rafiq let seg ikkje lure. Han har nok sett mykje på VM.
    3'
    Viking klarerer.
    3'
    Karadas startar som spiss for Sogndal. Eit trekk sogningane har hatt suksess med tidlegare.
    5'
    Viking på ei kontring, men Thorsteinsson klarar ikkje å passere Skaasheim. Innkast for Viking.
    5'
    De Lanley får stå åleine å skyte på 16-meter, men det vert klarert.
    6'
    Sogndal på kontring og Holsæter blir lagt i bakken inne i 16-meteren. Igjen bles ikkje Rafiq og det er nok riktig.
    7'
    Mykje langt opp frå Sogndal og det er forståeleg når Karadas spelar på topp.
    8'
    Strand avsluttar frå 16-meter, men rett i klypene på Østbø.
    9'
    Sogndal med eit lite grep på kampen innleiingsvis.
    10'
    Viking med ballen no. Byggjer opp og prøver å finne rom på sidene.
    12'
    Haugen med eit dårlig innlegg som går rett i klypene til Dyngeland.
    12'
    Stillingskrig no. Viking prøver å byggje opp, men slit veldig med å bryte gjennom Sogndal sitt forsvar. Sogndal meir direkte i stilen, men for upresise.
    14'
    God sjanse for Sogndal. Strand med ein fantastisk pasning til Teniste som headar ned til Otoo. Ghanesaren avsluttar frå 11 meter, men rett på Østbø.
    15'
    Framleis Sogndal som styrer kampen. Viking er no spelt litt lågare og satsar meir på kontringar.
    18'
    Thorsteinsson prøver seg frå 20 meter, men skotet går over.
    19'
    Nytt innlegg frå Haugen på Viking si venstreside, men det går gjennom heile feltet og ut til utspark for Dyngeland.
    21'
    Sogndal med ein del feilpasningar og då blir de moglegheiter for Viking sin angriparar. De Lanlay kjapt frampå, men klarar ikkje å få til noko avslutning.
    23'
    Rafiq gjev alle dei 22 ein velfortjent drikkepause etter halvspelt omgang. Spørs om denne pausen vert like lukrativt reklamemessig som under VM.
    24'
    Så er vi gang igjen.
    25'
    Teniste med ei dristig tilbakeheading til Dyngeland. Hadde De Lanlay hatt to nr større i sko hadde han nådd ballen før keeperen.
    26'
    Otoo igjennom, men vert avvinka for offside. Var centimetera om å gjere der trur eg.
    27'
    Holsæter trekk seg innover og skyt, men rett i Sigurdsson.
    27'
    Viking med ein fin overgang, men Bödvarsson får ikkje frå seg ballen og Patronen ordnar opp.
    28'
    Landu Landu ligg nede. Uvisst om han er skada eller trøytt.
    29'
    Opp på beina igjen no. Spelet kan halde fram.
    30'
    Jørgensen med ein susar frå 25 meter. God redning av Dyngeland.
    30'
    Otoo igjennom , men Rafiq meiner han riv ned Danielsen. Kunne blitt ein god sjans der for Sogndal.
    32'
    Haugen på Sogndal osm ligg nede no. Har fått seg ein på tygga.
    32'
    Oppe igjen han og.
    32'
    Innkast for Viking.
    34'
    Thorsteinsson med saltoinnkast, men Sogndal får etterkvart klarert.
    34'
    På nettaket.
    36'
    Ganske bedagelig tempo her no. Heilt klart at spelarane slit i varmen.
    37'
    Sogndal har gått mykje i offside i denne omgangen. Linja bak hjå viking har vore veldig god.
    38'
    Viking kontrar, men klarar ikkje å komme seg til avslutning.
    40'
    Dette har genrelt vore Viking sitt problem i denne omgangen. Spelar seg fint fram til Sogndal sin 16-meter, men så er det slutt.
    41'
    God sjanse for Viking. De Lanlay kjem seg rundt på kant og slår 45 grader ut. Bödvarsson vert såpass pressa at avslutninga går nokre meter utafor.
    44'
    God sjanse for Sogndal. Holsæter slåt inn og Otoo flikkar ballen over.
    45'+1
    2 minuttar tilleggstid.
    45'+1
    Bödvarsson klinkar til frå 12 meter. Dyngleand slår til corner. Kampens største sjanse.
    45'+2
    Sverrisson avsluttar over.
    45'+2
    Pause
    45'+3
    Jamn kamp, der tempoet varierar kraftig. Sogndal kanskje det førande laget, men Viking med den største sjansen like før pause. No får spelarane inn å kjøle seg ned. Dei siste 45 minutta vert varme og harde for spelarane.
    Då er begge laga på bana og vi er straks klare for 2.omgang frå Playa del Fosshaugane.
    2. omgang
    45'
    Viking med avspark.
    46'
    Lang ball opp, men ut til 5-meter for Dyngeland.
    46'
    Sogndal med ballen no. Spelar Viking låge.
    47'
    Viking kontrar.
    47'
    De Lanlayt skyt utafor frå 25 meter.
    48'
    Deffansivt gjer begge laga det enkelt og greitt. Klarerar kvar gong dei er under press. Det må nok litt magi til om ein skal bryte gjennom både Viking og Sogndal sitt forsvar.
    49'
    Langt innkast frå Teniste no.
    49'
    Viking klarerar.
    50'
    Nytt innkast frå Teniste.
    51'
    Skaasheim skyt ein meter utafor.
    52'
    Ikkje for å ta motet frå nokon, men dette ser veldig ut som ein 0-0 kamp. Begge laga virkar bunnsolide bak.
    52'
    Holsæter ligg nede og spelarane brukar pausen til å få seg ein slurk.
    53'
    Spelet igang igjen.
    54'
    Sogndal stormar framover høgresida, men vinn berre eit innkast.
    55'
    Rett i armane til Østbø.
    55'
    Viking kontrar.
    55'
    Innlegg frå Thorsteinsson. Rett i armane til Dyngeland.
    55'
    Forsvara til dei to laga har gjort ein god jobb, men det offansive begge vegar har vore relativt upresist.
    56'
    Frispark til Viking i god posisjon. Skal svingast innover i feltet.
    57'
    Haugen skal ta frisparket.
    57'
    Går gjennom heile feltet og snik seg nokre centimeter utafor stolpen til Dyngeland. God sjanse for Viking.
    58'
    Frispark til Sogndal på 25 meter etter at Ingason er for hard i ein duell med Karadas.
    58'
    Petter Strand skyt via muren og til corner.
    59'
    Frispark til Viking.
    59'
    Frispark til Sogndal etter at Danielsen låser ballen.
    60'
    Gult kort til Viking
    André Danielsen
    60'
    Strand skal svinge ballen innover.
    61'
    Viking klarerar.
    61'
    Viking får eit innkast heil nede med Sogndal sitt hjørneflagg.
    62'
    Sogndal klarerar.
    63'
    Intensiteten er det ikkje noko å seie på, men det blir skapt svært få målsjansar.
    64'
    Har dei to svenskane på benken nokre ess i ermet no når vi nermar oss halvspelt omgang?
    65'
    Otoo gjennom, men i siste liten får Sigurdsson rydda opp.
    65'
    Frispark til Viking, 10 meter inn på Sogndal sin banehalvdel. Skal slåast inni feltet.
    66'
    Skaasheim stangar frisparket ut.
    66'
    Viking held fram trykket.
    67'
    Men det heile endar i 5-meter for Dyngeland.
    67'
    Bolseth umarkert på 6 meter. Headinga går over.
    68'
    Faktisk ein veldig god sjanse for Bolseth det.
    68'
    Drikkepause igjen!
    69'
    Nilsen held fram der Otoo slutta. I offside.
    72'
    No er tempoet svakt og pasningskvaliteten ditto.
    73'
    Frispark til Sogndal på kanten. Strand skal legge inn.
    75'
    Endar med at Bolseth skyt via ein Vikingspelar til corner. Det skotet hadde retning mot hjørna til Østbø.
    75'
    Haugen avsluttar over.
    75'
    Så blir det frispark til Viking i eksakt samme posisjon. Haugen skal slå inn.
    76'
    Viking sin Haugen kjem rundt på kant og slår inn, men ballen gjennom heile feltet og ut til innkast for Sogndal.
    79'
    Innlegg frå Skaasheim som Karadas flikkar i stolpen.
    79'
    No bølgjar spelet fram og tilbake og begge lag får seg nokon halvsjansar.
    81'
    De Lanlay legg inn og ballen går gjennom heile feltet. Sympomatisk for Viking sine angrep i dag.
    82'
    Viking med trøkket no.
    84'
    Stor sjanse for Viking! Dynglenad ute og rotar i feltet og fleire vikingspelar kan sette ballen i mål, men sogndal sine forsvarar ofrar seg og det endar i 5-meter.
    84'
    Spillerbytte - Viking
    Inn: Håkon Skogseid
    Ut: Joackim Jørgensen
    85'
    Teniste skal kaste langt.
    86'
    Viking klarerar.
    86'
    2875 tilkodarar.
    86'
    Endar i skot frå Skogseid som Dyngeland held.
    86'
    Lite som skjer her no. Ein del gode overgangar, men individuelle feil gjer at dei renn ut i sanden.
    90'
    Går gjennom heile feltet, men ivking beheld ballen.
    90'+1
    Sogndal kontrar.
    90'+1
    Men Viking får klarert.
    90'+1
    Tre minutt tillegg. Vi har spelt eit av dei allerede.
    90'+2
    Frispark til Sogndal på eigen banehalvdel. Lang ball opp.
    90'+2
    Endar i ingenting.
    90'+3
    Kampen er slutt
    90'+4
    Ein relativt kjeldeleg kamp endar 0-0. Spelarane var nok prega av varmen, men det kan ikkje unnskylda alt. Karadas nermast med eit skot i stolpen, men Viking hadde nokon gode forsøk som Dyngeland redda.
    Då får vi ynskje ein fin kveld vidare for våre fylgjarar og vi kan på liveportalen tilby meir Tippeliga og ikkje minst bronsefinalen i VM i løpet av kvelden. Takk for oss!
VG Live er en del av Schibsted Media. Schibsted Media AS og Schibsted ASA er ansvarlig for dine data på denne siden. Les mer her